Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sviktande metafysikk

Karoline Skarstein argumenterer ikkje mot innhaldet i min kronikk «Kvinner og havfruer» i sitt motinnlegg 16. august, men mot mitt politiske engasjement. Skarstein innleiar med setta likskapsteikn mellom homokampmotstand før, og transkampmotstand nå. Men homokamp og transkamp er to ulike og motstridande storleikar: Medisinsk konverteringsterapi brukt mot homofile før, blir selt inn som frigjering i dag. Medan lesbisk frigjering handlar om retten til fysisk likekjønna kjærleik og kvinners sjølvstende, kjempar ein i transsaka for at kjønn ikkje har noko med biologi og materielle tilhøve å gjera, men er ein metafysisk tilstand eller essens.