1970 var forrige gong Noreg ikkje overforbrukte ressursar. I dag forbruker me 3,6 gongar så mykje. Forbruksfesten vår øydelegg for klimaet, naturen, fattige lands levekår og framtidas tryggleik. Likevel har lukkekjensla stått på staden kvil. Det fyrste eg gjorde då eg skjønte at vårt overforbruk var i ferd med å øydeleggje klimaet og økosystema, var å bli minimalist – inspirert av det enkle friluftslivet og Arne Næss. Eg jobba mindre og bruke meir av mine tilmålte pengar på miljøvennleg reising og kultur. Ombruk vart konsekvent fyrstevalet, eg starta å redde mat frå søpla, gav overflødige ting til brukten, betalte reparatørar for hjelp og slutta all bullshit-shopping.
Målet: mindre av alt til alle!
DebattForbruk