Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Kristina frå Duvemåla» er kulturelt fellesskap i alt frå sal til bak scene.

Kvinnene på Moster

GRIPANDE: Christine Guldbrandsen som Kristina (t.h.) og Mareike Wang som hennar motstykke Ulrika blir forsona i duett. FOTO: PETER TUBAAS, BØMLO TEATER

Friviljug innsats med sjølvtrygt spektakulært resultat.

(Kristina från Duvemåla, Sverige, 1995)

Av: Benny Andersson (musikk) og Björn Ulvaeus (libretto). Omsett til nynorsk av Runa Våge Krukhaug.

Regi: Jostein Kirkeby-Garstad.

Musikalsk leiing: Gunvald Ottesen.

Moster Amfi, Bømlo til 14. august.

Sist onsdag var det noregspremiere på ei fullskala oppsetting av Benny Andersson og Björn Ulvaeus’ «Kristina frå Duvemåla». Den musikalsk publikumsvenlege, men scenisk krevjande oppsettinga – som er lite spela utanfor Sverige – er det Bømlo Teater i Sunnhordland som står bak. Det imponerande arrangementet viser at lokalt kulturliv ikkje berre har klart å «halde det gåande» gjennom pandemien, men at det som blir omtala som grunnmuren i norsk kultur, er langt mindre traust og anonymt enn ordet kan gje inntrykk av. Sjølvtrygt spektakulært er adjektiv som melder seg.