PLAN: – Kjem nokon med forslag om å kutte i byvekstavtalar – som skal løyse utfordringar med kommunikasjon, miljø og klima i byane – så er vi imot det, fastslo Ap-leiar Jonas Gahr Støre. I går presenterte Arbeidarpartiet ein ny vekstplan for hovudstaden. Ifølgje han er det ikkje aktuelt for Ap å la satsinga på distrikta gå på kostnad av dei store byane. Denne veka gjekk Sp-nestleiar Ola Borten Moe hard ut mot pengebruken i byane. – Som land må vi ha ei felles interesse av riktig pengebruk, sa han. Støre seier seg samd at det er klokt å sikre at pengane blir brukte fornuftig, men vil ikkje kutte i byprosjekt for å bruke pengane på til dømes fylkesvegar. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene