Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Parisavtalens målstyring har vist seg å mislykkast. Likevel held ein fram med dei same reknestykka.

Målingsregimets galskap

KLIMATOPPMØTE: Ein deltakar ser på ein projisering av jorda under klimatoppmøtet i Paris-forstaden Le Bourget i 2015. FOTO: AFP PHOTO/ALAIN JOCARD ALAIN JOCARD

Albert Einstein blir av og til sitert på at «galskap er å gjenta det same om og om igjen og vente seg ulike resultat». Nå kan han neppe ha sagt det slik. Kastar vi for eksempel ein terning gang på gang, ventar vi nettopp å få ulike resultat. Dersom vi derimot skulle få einar kvar gong, ville vi mistenke sterkt at det var noko galt med terningen. Ein meir treffande definisjon ville difor vere «å gjenta det same gang på gang, få same resultat, men fortsette å vente seg noko anna».