Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Adrian Dumitrescu vann rettssaka, men sit fast i Romania utan jobben eller løna han har krav på:

Gjev ikkje opp kampen

VANN SAKA: Adrian Dumitrescu vann i rettssalen mot arbeidsgjevaren, men har ikkje fått jobben tilbake og har berre fått erstatninga han er tilkjent for tapt løn.FOTO: PRIVAT privat

TYST: Han vann i retten på alle punkt, men ventar framleis på mesteparten av dei 340.000 kronene i erstatning retten tilkjente han.

Tre månadar etter at den rumenske sveisaren og tidlegare klubbleiaren Adrian Dumitrescu vann på alle punkt mot arbeidsgjevaren sin, bemanningsbyrået Offshore Support Nord AS, ventar han framleis på både pengar og jobb.