JAKT: Åtte bjørnar har måtte bøte med livet så langt i år etter utferding av i alt 26 fellingsløyve. Det er fem fleire bjørnar enn på same tidspunkt i 2020. – Dette er ein auke i talet på skadefellingsløyve, og det er òg ein auke i talet på felte bjørnar. Åtte bjørnar er felte etter vedtak om skadefelling så langt i år, mot til saman tre på same tidspunkt i 2020, opplyser Anders Braa ved Miljødirektoratet.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene