Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Regjeringa lettar innreisereglane

SERTIFIKAT: Frå 26. juli opnar regjeringa for at endå fleire kan få reise inn i Noreg. Lettane gjeld mellom anna mindreårige barn som reiser saman med foreldre som har unntak frå innreiserestriksjonane på grunn av EU-koronasertifikat. Også EØS-borgarar som skal besøkje ein familiemedlem busett i Noreg eller som reiser saman med ein norsk familiemedlem, får no sleppe inn i Noreg, skriv Justisdepartementet i ei pressemelding. Det er berre koronasertifikat som er kopla opp mot EUs løysing som er gyldige som vaksinebevis. Lettane trer i kraft frå midnatt natt til måndag 26. juli.©NTB