Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nøler med å fjerne helseattesten

FØRARKORT: Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) seier kravet om helseattest for eldre bilførarar ikkje blir fjerna 1. august, slik som Stortinget vedtok 27. mai.– Å fjerne kravet til helseattest, er ei stor endring, og vi treng meir tid til å gjennomføre dette på ein forsvarleg måte, seier Hareide. Bård Hoksrud (Frp) protesterer. Han meiner regjeringa trenerer eit vedtak gjort av Stortinget og ber statsminister Erna Solberg (H) rydde opp. Ifølgje NRK ventar Samferdselsdepartementet ein rapport frå Statens vegvesen og Helsedirektoratet 1. oktober. Først då vil Hareide ta stilling til korleis vedtaket blir følgt opp vidare.©NPK