Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er på tide å forsvare den fysiske læreboka

Bøker er viktigare for norske elevar enn nokosinne. Likevel vert den fysiske læreboka erstatta av digitale læremiddel på vår skule, viss rektor får det som ho vil. Me lærarar protesterer og ønskjer å velja læremiddel sjølve. Denne saka skreiv Klassekampen om 12. juli. No ber me Kunnskapsdepartementet (KD) om hjelp. Det er svært viktig at politikarane sikrar at lærarkollegia har handlingsrom til å vurdera kva som fungerer best i klasserommet.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production