Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ikkje alle lærarar vert vaksinerte

BROTEN LOVNAD: Helseminister Bent Høie (H) erkjenner at ikkje alle tilsette i skular og barnehagar får beskytta-status til skulestart. Det er i eit svar på eit skriftleg spørsmål frå Stortinget at Høie skriv dette, ifølgje NRK. I svaret visast det til at Noreg får færre vaksinedosar enn det ein først rekna med i sommar. Aps utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg reagerer. – Det er veldig skuffande og avslører at det regjeringa lova var eit luftslott, seier han til kanalen. Det var i juni at regjeringa gav kommunane moglegheit til å prioritere lærarar og barnehagetilsette i vaksinekøen etter opplysningar om reduserte vaksineleveransar.©NPK