Der er humler i husveggen og vepsebol i stikkelsbærbuskane, og graset har fått veksa opp og skyta aks. Jonsoktider blei det slege med ljå, og flattørka i sol og vind og snudd og vendt med rive. Så låg det der på stubbmaka og anga av sommar til regnskyene tetna over trekronene og det kom ei dame med stor kassebil og tok det med til kaninane sine.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag