Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I ei bygd inst i ein fjord kan det hende vi finn siste rest av sjela til partiet Venstre, men det kan også hende at ordføraren berre er veldig populær.

VENSTRE SURFAR PÅ STAD

MEDGANGSBØLGJE: Kystlandskapet på Stad trekkjer til seg mange surfeivrige nordmenn. Men klarer ordførar Alfred Bjørlo å trekkje til seg fleire veljarar til Venstre? FOTO: ANDRÉ PEDERSEN, NTB AndrÈ Pedersen

Sola skin over Nordfjorden, men også denne sommaren har lokalbefolkninga i cruisebygda Nordfjordeid gatene for seg sjølv. Vi har reist til bygda som husar det einaste operahuset i Noreg utanfor Oslo for å prøve å finne partiet Venstres sjel. Dette har nemleg vore den absolutte venstrebastionen i landet dei siste åra. Her har partiet ved fleire val fått kring 40 prosent av røystene. Nestleiar og partiprofil Sveinung Rotevatn kjem herfrå, og partiet har hatt ordføraren i ti år.