Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rettane til studentane styrkjast

UTDANNING: Regjeringa foreslår å endre universitets- og høgskulelova for å styrkje rettane til studentane. Målet er òg å gjere det endå tydelegare kva studentane kan forvente av tilrettelegging frå universiteta og høgskulane. Styresmaktene vil mellom anna lovfeste studentars rett til permisjon frå studia i samband med førstegongsteneste, sjukdom, graviditet, fødsel og omsorg for barn og andre tungtvegande grunnar. I lovforslaget er det òg presisert at institusjonane skal sørgje for god fagleg oppfølging av studentane. For alle studentar som er tekne opp til studium på 60 studiepoeng eller meir, skal institusjonen utarbeide ein utdanningsplan i samarbeid med studenten.©NPK