Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klimakrisa krev nedbefolkning. Omfordeling av ressursar er nøkkelen.

Vekstens grenser

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

I Klassekampen 15. juni hadde Bjørn Grinde ein høgst relevant artikkel om overbefolkning. Han skriv: «Problemet er at vi ikke ligger an til å gjøre jorden bærekraftig med dagens 8 milliarder.» Grinde har rett, og han er ikkje åleine om denne innsikta. Neste år er det 50 år sidan Romaklubben, redaktørar Meadows, Randers og Behrens gav ut boka «Limits to Growth» som vart ein internasjonal bestseljar, sjølv om spesielt mange økonomar underkjente denne studien så godt dei kunne. Dei viste at eksponentiell vekst i ressursbruk, økonomi og befolkning på litt sikt vil føre til globale naturøydeleggingar, konfliktar og katastrofar. Miljørørsla tok straks opp mange av argumenta i «Limits to Growth», spesielt åtvaringa om naturøydeleggingar, men dei oversåg problemet med eksponentiell befolkningsvekst.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Maria Walberg, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.