VONDT: Koronakrisa har tært på norsk verftsindustri. På Fitjar går verftet inn i 2022 med tomme ordrebøker. Det statsstøtta prosjektet tapte dei til Nederland.
Fitjar mekaniske verkstad er ei hjørnesteinsverksemd i den vestlandske øykommunen med 3200 innbyggjarar. Men dei manglar både fastbuande arbeidarar og oppdrag framover.