Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tapt luktesans kjem raskt tilbake

HELSE: Personar som har mista luktesansen etter å ha vorte koronasmitta, får han i dei fleste tilfelle tilbake i løpet av nokre månader, viser ein franske studie. For 49 av 51 testpersonar har luktesansen komme tilbake etter åtte månader, medan dei to siste framleis har problem med luktesansen eitt år etter dei vart koronasmitta, viser studien leia av Marion Renaud ved universitetssjukehuset i Strasbourg. Blant 84 prosent av deltakarane i studien hadde luktesansen komme tilbake for fullt etter berre fire månader. Alle deltakarane i studien mista luktesansen i minst sju dagar. ©NPK