Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frustrerte over vaksineprioritering

HELSE: Fleire kommunar er frustrerte etter at tilsette i skular og barnehagar rykker fram i vaksinekøen. Tysdag vart det kjent at regjeringa prioriterer å vaksinere tilsette i skular og barnehagar, slik at dei er vaksinerte før sommarferien er over. At dette kjem så tett på sommarferien fører til praktiske utfordringar i kommunane – og frustrasjon, ifølgje NRK. Kommuneoverlege Per Kristian Opheim i Tønsberg meiner det er utidig at styresmaktene kjem med nye prioriteringar i det dei skal starte sommarferien. Frå Bodø seier smittevernoverlege Kai Brynjar Hagen at vaksinasjon i sommarsesongen allereie er ei stor utfordring.©NPK