Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Sorg, sinne og uvisse

Nina Westers «Utvik Senior» er ei varm og rørande hyllest av samhaldet i fiskarsamfunnet.

MONOMAN: Far gir seg ikkje, og skal til departementet for å leggje fram bevis, medan dottera vil gå vidare i livet. FOTO: MARIUS FISKUM

Rimfrost Produksjoner og Hålogaland Teater

Festspillene i Nord Norge, Harstad

Av: Nina Wester.

Regi: Nina Wester.

Komponist: Benjamin Mørk.

Scenografi og kostyme: Mari Lotherington.

Lysdesign: Øystein Heitmann.

Kor: Vokal Nord med statistar.

Med: Kristine Myhre Tunheim, Alexander Rindestu og Jonas Delerud.

Fredag 17. februar 1978 gjekk garnbåten Utvik Senior og eit dusin andre båtar ut til Stordjupta tre timars fart frå Senja. Fisket var ikkje spesielt godt, og då veret utpå ettermiddagen blei dårlegare, valde alle å avslutte og sette kurs mot land. Utvik Senior, med eit mannskap på ni, kom aldri attende. Leiting blei starta, og etter stutt tid blei det funne både vrakrestar og ein tom redningsflåte. Alt tydde på at noko hadde skjedd særs brått, og både fiskarane, politiet og pressa meinte at båten måtte ha blitt pårend av eit anna fartøy.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?