Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunnskapsløyst eller naivt?

I Klassekampen 11. juni gav LO-leiar Gerd Kristiansen og eigar i bemanningsbyrået Eterni misvisande inntrykk av bemanningsbransjen og rolla den har i norsk arbeidsliv. Med utgangspunkt i førstehands kjennskap til bemanningsbransjen i fleire fylke, vil vi hevde at bemanningsbransjen ikkje løyser, men skaper problem. Dette burde vere kjent også for Gerd Kristiansen, då frustrasjon frå klubbar og organisasjonsarbeidarar har blitt presentert på samlingar i fagrørsla i årevis.