Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dei trudde dei skulle få ros – i staden fekk dei vite på Teams at avdelinga vert lagt ned:

DEI SISTE ANLEGGSARBEIDARANE

KOM FOR KJÆRLEIKEN: Kjærleiken tok Fred Eirik Bjørnberg til Dale for 30 år sidan, og dei siste åtte har snikkaren jobba for kraftselskapet BKK. Han skodar utover Bergsvatnet ved Hamlagrø, nesten øvst i vassdraget som gjer at kraftselskapet er i kommunen. Klassekampen

SLUTT: Dei går oppe i fjella og held krafteigedommane ved like. No vil selskapet dei har jobba for heile livet, leggje ned avdelinga og setje jobben ut på anbod.

I sentrum av Dale i Vaksdal kommune står ein minnestein. Det er inngravert namna på 29 personar som har mista livet i arbeid for Bergenhalvøens Kommunale Kraftlag (BKK).