AVGJORD: Tysdag kom helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) med fasiten: Det nye sjukehuset skal byggjast i Moelv i Ringsaker kommune. Det vart bestemt på eit føretaksmøte i Helse søraust. Dei to største byane i fylket, Hamar og Gjøvik, mistar sjukehusa sine, skriv NRK. Sjukehuset i Lillehammer blir vidareført som eit stort akuttsjukehus, medan Elverum sjukehus får dagkirurgi og skadepoliklinikk. I tillegg skal det etablerast ein luftambulansebase i Elverum. Plasseringa av Mjøssjukehuset har vore eit stridstema i mange år. Avgjerda er i tråd med tidlegare vedtak i Helse søraust, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene