Du kan bla til neste sideBla med piltastene

1790-talsfeminist?

Professor emeritus Bjørg Seland åtvarar i Klassekampen 12. juni – i samband med mitt innlegg 22. mai – mot å omtala Hans Nielsen Hauge som ein kvinnesakspioner. Eg skjønner ikkje heilt kvifor. Vi er einige om at HNH støtta kvinner som ville forkynna, at han kunne gi kvinner ansvar i den lokale venneflokken, og at han kritiserte rigide normer i eit kjønnsdelt arbeidsliv. Dette er også mine viktigaste argument for å seia at han var ein føregangsmann i synet på kvinner, langt framfor si tid, iallfall slik historieskrivarane har fortalt oss at tida var.