Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Klimamålet vart ikkje nådd i fjor

UTSLEPP: Klimagassutsleppa gjekk ned 3,2 prosent til 50 millionar tonn i 2020 – 1,4 millionar tonn for høgt. Dermed nådde ikkje Noreg målet frå klimaforliket. I 2008 fastslo Stortinget at to tredelar av utsleppskutta skulle takast nasjonalt. For å oppfylle dette, måtte Noreg ha kutta utsleppa av klimagassar til mellom 46,6 og 48,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020. Miljøpartiet Dei Grøne meiner Solberg-regjeringa ikkje tek klimakrisa på alvor. – Dette er ein skandale, seier fungerande partileiar Arild Hermstad. I fjor meinte politikarane at dei var på veg til å nå målet, før ein alvorleg reknefeil vart oppdaga i utsleppstala frå SSB. ©NPK