I fjor gav eg ut ei bok som heiter «¡Muxe! Du treng ikkje å vere kvinne for å vere dame» som altså handlar om eit samfunn sør i Mexico som har eit velfungerande tregenussystem. Det vil seie at dei har kvinner, dei har menn, og dei har muxes som er anatomiske menn som speler ei sosial rolle som nærmar seg rolla til kvinnene der dei lever. Kioskar har velta over det ganske land, visstnok under vekta av uselde eksemplar, så da veit du, kjære lesar, kva du har å gjere.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.