Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekordmange bytte leverandør

KRAFT: I første kvartal vart det gjennomført over 200.000 byte av straumleverandør. Aldri før har talet vore så høgt. Hushaldskundane bytte kraftleverandør 179.000 gonger i første kvartal i 2021, ein auke på 19 prosent frå i fjor, viser oppdaterte tal frå Reguleringsstyresmaktene for energi (RME). Næringskundane gjennomførte rundt 23.000 byte i same periode. Dei ti største kraftleverandørane hadde 63 prosent av hushaldskundane i 2019, medan dei tre største hadde 37 prosent. To år seinare, i 2021, har dette auka til ein marknadsdel på 66 prosent for dei ti største, medan dei tre største har auka til 39 prosent, ifølgje tal frå RME.<CHARENTITY>8</CHARENTITY>©NPK