Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Feil bruk av sakkunnige i overgrepssaker kan få store konsekvensar for rettstryggleiken. Det viser ikkje minst «Prestesaken» frå 2008.

Prestesaken

© Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

I Klassekampen laurdag 10. april problematiserer tidlegare leiar Tor Langbach i Domstoladministrasjonen noko han kallar «det rettsmedisinske problemet» – det finst ikkje noko samla, sentralt ansvar for rettsmedisinsk kompetanse og prosedyre. I kronikken nyttar Langbach døme på kor gale det kan gå om kompetansen hjå sakkunnige ikkje er god nok, eller om systemet med vurderingar av rettsmedisinske erklæringar ikkje fungerer. Det handlar om feil og manglar som er eigna til å produsera justismord.