Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krigsminne

Det må ha vore på denne tid av året, eller tidleg i mai 1940, før graset hadde vakse fram, at denne hendinga skjedde. Farmor fortalde meg denne historia då eg var i sju-åtteårsalder. Farmor og tanta mi, knapt 16, var nede i bratthenget mot fjorden for å samle lauv og bark frå trea til å fore dyra (vårknipa). Dei såg ein lastebåt nede i sidefjorden – og uventa raskt kom to tyske fly vestfrå som skaut laus på båt og mannskap. Etter kort tid forsvann dei mot vest, båten tok seg mot nordsida og ein kai. Dei to forskrekka kvinnene begynte ta seg oppover bratta med bør på ryggen.