AUKA: Talet på dagpengemottakarar i 2020 var fem gonger så mange som i 2019. Det er over 360.000 fleire mottakarar av dagpengar enn i 2019, og utbetalingane av dagpengar i 2020 vart fire gonger så høge som året før, viser Navs utbetalingsstatistikk. – Nav utbetalte om lag éin million kroner kvart minutt gjennom heile fjoråret. Sjølv om rundt halvparten gjekk til alderspensjon, er det særleg auka dagpengeutbetalingar som bidrog til veksten, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte. I gjennomsnitt fekk kvar innbyggjar i Noreg 93.100 kroner i fjor. Utbetalingane var høgast i Innlandet og Nordland og lågast i Rogaland og Oslo. ©NPK