Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Luftbane

Kommunikasjonssjef Bjørlo i Norsk Bane prøvar 20. mai å avvise artikkelen min 10. mai, «Å byggje lufttog i Noreg», ein kommentar til stortingsrepresentant Sakariassen (SV) som 20. april bygde ein artikkel på NB-materiale. Høgreregjeringa har splitta opp NSB. Det er lett å tru at eit selskap med det offentleg klingande namnet «Norsk Bane» er ein bit av det pulveriserte NSB. Men nei, det er eit privat selskap, stifta i 2002 av ingeniør Jörg Westermann.