Perspektiv

Når ein flyttar inn på eit nytt kontor, må ein lære seg vanar og rutinar som er etablert blant dei som er der frå før, og ein må bli kjent med alle dei nye folka og kva vaner og rutiner dei har. Heldigvis har eg fått kontor like attmed doen, så eg kan bli veldig godt kjent med alle dei andre som deler kontor i same fellesskapet.
Då får eg følgt med på ho som pissar høgt. Nokre gongar pissar ho gjerne lågare enn vanleg, og då sender eg melding til nokre vener. «No pissa Høgpissaren lågt. Kanskje ho har lagt om.» Og litt seinare på dagen sender eg ny melding. «Nei, vi er tilbake på høgpissing.»
Men volum er ikkje det einaste. Det er fleire nyansar i korleis ein pissar høgt eller lågt. Og det finst to typar menn: Dei som står, og dei som sit. Eg er ein moderne mann, eg sit. Og det trur eg er ein veksande trend, særleg etter smarttelefonane kom. Eg speler Wordfued når eg er på do. Eg kjenner ein som las «På sporet av den tapte tid» av Marcel Proust på do. Det tek gjerne nokre år om du les ei side om gongen, men då har du i alle fall ein oppbyggjeleg aktivitet. Poenget er i alle fall at menn som sit, har ein vinkel på pissinga som gjer det relativt lydlaust. Litt avhengig av trykket, så klart. Menn som står og pissar, har vinkelen rett ned i vatnet i skåla. Piss møter vatn, det er oppskrift på høg lyd. I tillegg er det større avstand, og eg kan ikkje noko om fysikk, men eg innbiller meg at det på ein eller annan måte gjer noko med vekt eller masse sånn at det forsterkar lyden.
Når eg likevel sit her og latar som eg tenkjer, så må eg ha aktivitetar. Det kan vere gøy å ikkje snu seg mot do når folk går inn, men heller gjette på lyden kven som er der inne og så sjekke fasiten når dei går ut. Det er viktig å bli kjent med kollegaane sine.
sitjande pissar