Du kan bla til neste sideBla med piltastene

No er det lov å heise prideflagget

TIL TOPPS: No kan ein offisielt få heise prideflagget medan det går føre seg lokale arrangement, fortel avisa Noreg I dag. Flagglova er endra for å gjere dette mogleg. Eit fleirtal på Stortinget stemde tysdag for endringa i lova. Hittil har ein berre hatt lov å heise det norske og det samiske flagget, i tillegg til kommune- og fylkesflagg, på offentlege flaggstenger. Lovendringa inneber at det skal opnast for bruk av òg andre flagg under «arrangement, markering eller merkedag av allmenn interesse». Dette gjeld òg FN-flagget. Berre Frp stemde imot. KrF har òg vore kritiske, men stemde for. Forslaget vart lagt fram av statsråd Nikolai Astrup (H) i fjor sommar.©NPK