Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bondeinntekta må sikrast utan høgare matprisar, som vil råke skeivt for både bønder og forbrukarar.

Ein høg pris å betale

FARLEG: Høgprislina har stygge konsekvensar for den langsiktige oppslutninga om jordbrukspolitikken, skriv Håvard Teigen. Her frå aksjonen utanfor Stortinget onsdag. Foto: Terje Pedersen, NTB Terje Pedersen

I årets jordbruksoppgjer har heile debatten gått på den totale økonomiske ramma. Bøndenes organisasjonar kravde cirka to milliardar, regjeringas tilbod var på knapt ein milliard. Og så veit vi at det vart brot og at landbruksoppgjeret nå går til Stortinget.