Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Omsider er det brei aksept for at CO2-utsleppa må ned. Men er det for seint?

Den tapte tid

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

I ein banebrytande artikkel i tidsskriftet Science, august 1981, kom James Hansen og kollegaer med ein både profetisk og pessimistisk spådom: «I lys av historisk erfaring vil det ta fleire tiår å gjennomføre ei større endring i energibruken. Dette gjer at ei stor klimaendring er nesten uunngåeleg.» No, førti år seinare, er det endeleg brei politisk semje om at «ei større endring i energibruken» er naudsynt. Men framleis bidreg netto positive utslepp til auka opphoping av CO2 i atmosfæren og dermed til framtidig temperaturstigning.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Maria Walberg, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.