Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I tåka

På fredag (14. mai) brukte «Moderne tider» to heile sider på å skrive om «den siste sigaretten». Men vi fekk ikkje servert anna enn oppgulp frå eit ordskifte gjennom femti år, med dei same kvasifilosofiske sitata frå kjendisar, kulturfolk og akademikarar, som vi kjenner att frå 1970- og ‘80-talet. Sigaretten, som smakte så godt, viste seg å høyre til ein av historias verste helsekatastrofar, ein langsam eksplosjon boren fram av menneskehender gjennom eit hundreår, framskunda av profittjag, reklame, unnvikande embetsmenn og korttenkte politikarar.