Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Naturligvis

Om å velje landbruk

Eg er fyrste odelsjente på garden. Men vil eg bli bonde?

© ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Eg kjem frå eit mjølkebruk på Voss med cirka 350.000 i kvote, mjølkerobot, støl, utmark og eldhus. Det er ein flott gard, med vakre fjell rundt om og sol til klokka 23 på jonsokaftan. Go’far var på høgget og bygde lausdrift saman med far min og systera hans allereie i 1982. Jorda er næringsrik og moldrik. Her veks det godt gras til dyra, og potet og kålrabi til oss. Det vene og fagre med Voss, fjella og liene, kjem med ei bakside for oss bønder. Det er litt bratt, og ikkje alltid heilt lett å lage til eit godt såbed, gjødsle, så og hauste med stort utstyr. Men her vil eg bu, og denne jorda vil eg dyrke.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?