Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lat oss gå saman og varsamt føre tilbake Laban i norsk språk.

Om slubbertar og velvilje

LURING: Hendrick ter Brugghens «Jacob kjeftar på Laban for å ha gitt han Lea i staden for Rakel» (1627). ILLUSTRASJON.: WIKIMEDIA

Denne gongen tar eg for meg eit uttrykk som eg veit godt allereie har døydd ut, nemleg «du, din laban». Slik håpar eg å ikkje berre informere om kvar uttrykket kjem frå, men også føre uttrykket varsamt tilbake i bruk i norsk språk. I følgje Det Norske Akademis ordbok betyr uttrykket «lømmel; slubbert», ord som kanskje heller ikkje kling heimekjente i øyra til notidsmennesket. Teksteksempla i ordboka er henta frå til dømes Kielland og Sandemose, og frå ein tekst i Morgenbladet frå 1932: [overfallet] utføres av femten mannlige labaner.

Som lesaren forstår, må vi til Bibelen. Uttrykket «din laban!» er nemleg kalla opp etter bibelens Laban, morbror og svigerfar til Jakob, far til Lea og Rakel. Laban blir ikkje negativt karakterisert i bibelen, så det er opp til lesaren å døme hans handlingar, noko ettertida altså har gjort gjennom å nemne hans namn som eit skjellsord. Historia startar med at Jakob må tene i sju år for å få lov å gifte seg med Rakel. Og det står skrive i første Mosebok 29, 21-30: