Lesarar har påpeika at no må det verta slutt med ‘har blitt’, ‘har kommet’; det heiter då er blitt og er kommet? Svaret: Begge seiemåtane er korrekte. Dette er nemleg verb som uttrykkjer rørsle eller overgang. Men dei to seiemåtane har ikkje lik meining. Slik er det i språk; viss to ord eller uttrykksmåtar står til disposisjon, kan me vera trygge på at dei ikkje formidlar det same. Hundre prosent synonymi er ein luksus språket ikkje toler. Er kommen, er opna, er gått, er begynt fokuserer på tilstanden eller resultatet; har kome, har opna, har gått, har begynt fokuserer på handlinga, det som har skjedd.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.