Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Må ta avgjerd om frivillige stikk

VAKSINE: Ekspertutvalet til regjeringa om virusvektorvaksinar, Vorland-utvalet, vende i går ned tommelen ned for Astrazeneca- og Janssen-vaksinane. – Det er sjølvsagt på grunn av dei svært alvorlege biverknadene som har vore, sa leiar Lars Vorland. Folkehelseinstituttet (FHI) gjer det same. FHI ønskjer heller at Janssen-vaksinen blir ein beredskapsvaksine som kan brukast dersom vaksineforsyningane frå Pfizer og Moderna skulle svikte. FHI seier klart nei til at vaksinane bør kunne bli gitt til dei som sjølv ønskjer det, men utvalet er delt: Eit mindretal meiner at vaksinane kan tilbydast på resept. Regjeringa vil ta ei avgjerd, men når er ikkje fastsett. ©NPK