Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I oppløysing: Forholdet mellom far og son driv boka «Dette dreper oss».

Ei opning i skogen

PSYKE: Garté fortel om ein far med sjukeleg kontrollbehov. © FOTO: Nathan W. Lediard

Dette er undergangen. Samuel på 16 år og faren hans har rømt frå eit samfunn som held på å gå fullstendig i oppløysing som følge av covid-19-pandemien. Det er i alle fall det dei trur. Me er i Nordmarka, hausten 2020, og følger det mødesame arbeidet deira med å skaffa nok mat og brensel til vinteren. Dei har svært spartansk utstyr, og det står raskt klart for ein at dei ikkje kjem til å lykkast.