Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Import av arbeidskraft for å få jordbær med fløyte?

I Klassekampen 28. april har Senterpartiet (ved Aud Hove og Asbjørn Stensrud) eit innlegg der dei krev at regjeringa skal opne for flylastar av EØS-arbeidskraft og fattige asiatar slik at nordmenn også i år skal kunne eta jordbær med fløyte på. Innlegget startar slik: «Å eta jordbær med fløyte høyrer sommaren til. Norsk jordbær er best!» Så vidare i innlegget kjem det heilt skremmande perspektivet: «Nå står produksjonen av norsk jordbær i fare».