Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frykta musling har kome til Noreg

AKVARIUM: Ein sebramusling skal ha hamna i minst eitt akvarium i Noreg. – Sebramuslingen har etter det vi kjenner til hamna i minst eitt akvarium i Noreg. Han står på lista til Verdnaturvernunion (IUCN) over dei 100 verste framande artane i verda, og er noko vi absolutt ikkje vil ha ut i naturen vår, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding. Sebramuslingar fortrengjer lokale artar og kan tette røyr i vasskraftverk, drikkevassanlegg og reinseanlegg, skriv Miljødirektoratet. Dei ber samtidig akvarium-eigarar og -forhandlarar om å vere på vakt, fordi den framande muslingarten kan spreiast gjennom mosekuler som har vore til sals i norske nettbutikkar.©NPK

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production