Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT:

DN får ny redaktør

FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen

Amund Djuve sluttar som sjefredaktør i Dagens Næringsliv etter 22 år. Frå 1. september blir han konserndirektør for publikasjonar i morkonsernet NHST. Måndag vart det kjent at NHSTs nye konsernsjef Trond Sundnes slår saman dei to mediedivisjonane i selskapet under éi felles leiing. – Det å få ansvaret for den samla publikasjonsstrategien til NHST er ein veldig viktig jobb i det nye konsernet som eg gler meg til å byrje på, seier Djuve. Nyheitsredaktør Janne Johannessen blir vikarierande sjefredaktør i tida framover. ©NTB