I går trykte Klassekampen ein serie teikningar av kunstnar Vanessa Baird, der ho uttrykker si motstand mot nedlegginga av Ullevål sjukehus. I teikningane skaper Baird helsetoppar om. Ho utstyrer dei med rottehaler, spisse og gule tenner, lange neser og utstikkande øyre. Ho gir dei tentaklar, klør og pukkelrygg. Måla til Baird har kroppar som flyt utover, og nokon av dei har vekse saman til ein fleirhoda skapning. Dei står i eit pengeregn og kikkar truande tilbake på sjåaren. Dei knuser helsearbeidarar og pasientar med «vanlege» kroppar mot sine eigne deformerte kroppar. Og det heile er utruleg trist å sjå på, og som Baird blir eg sint, men eg blir ikkje sint på dei avbilda helsetoppane, men på dei avhumaniserande fiendebilda som kjem til uttrykk i demoniseringa av dei.
Avhumanisering
DebattSykehusstrid