OPPGJER: Reallønnsvekst og vidareføring av kjøpekraft. Det var blant krava fagforbunda LO Stat, YS Stat, Akademikerne og Unio la på bordet da lønnsoppgjeret i staten starta i går. Den store spenninga knyter seg til om staten vil gjere som i fjor og setje resultatet i frontfaget som eit absolutt tak for forhandlingane. I år vart NHO og LO/YS som kjent samde om ein lønnsvekst på 2,7 prosent, 0,1 prosentpoeng under anslått prisvekst. Det inneber ein nedgang i reallønna. Hovudkravet til forbunda er klar reallønnsvekst. Fristen for å bli samde i forhandlingane er sett til klokka 24 natt til 1. mai.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene