Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei lang rekkje distriktskommunar kunna få eit skikkeleg samferdselsløft med høghastigheitstog.

Bygg lyntog i Noreg!

HØG FART: Deutsche Bahn Internationals rapport viser at me i Noreg kan oppnå 270–300 km/t nesten overalt, skriv Eirik Faret Sakariassen. Her Shinkansen, et lyntog i Japan. Foto: Adrian DENNIS, AFP/NTB

Eit av SVs store prosjekt for tiåra som ligg føre oss, er å sikra eit rettferdig grønt skifte gjennom at staten brukar alle sine musklar for å rusta Noreg for ei framtid med mindre ulikskap og kutt i utslepp. Me skal kutta, byggja og dela – kutta utsleppa, byggja landet, dela goda. I mine auge svarar lyntog godt på alle tre punkta.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production