TIL BOTNS I SAKA: Havarikommisjonen presenterer onsdag den andre rapporten sin om milliardfregatten Helge Ingstad, som totalhavarerte i 2018. Sjøforsvaret har i ein eigen rapport konstatert at det vart gjort feil om bord på KNM Helge Ingstad. No ser dei fram til Havarikommisjonens auge på kva som skjedde. – For Sjøforsvaret er det viktig å ha full openheit rundt det som har skjedd, lære mest mogleg og få lukka dei avvika som har skjedd, seier kommunikasjonssjef Torill Herland i Sjøforsvaret til NTB. 3. mai startar rettssaka mellom Forsvarsdepartementet og reiarlaget bak TS Sola om kven som hadde ansvar for kollisjonen. ©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene