Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krigen

  • I mangel på noko som helst betre å ta meg til har eg sett opp att den danske suksesserien «Borgen» frå 2010, som følgjer statsminister Birgitte Nyborg frå sentrumspartiet «De Moderate»». I sesong to reiser ho til Afghanistan for å besøke dei danske soldatane der. I utgangspunktet vil ho hente soldatane heim, men let seg overtyde om at dei må bli verande. Taliban hadde angripe styrkane nok ein gong. Dessutan: Med danske styrkar på plass i landet hadde afghanske kvinner fått arbeid, og barn fått skulegang. Det fanst alltid ein grunn til å bli verande litt til.