Norsk har to språklege særdrag på seksualitets- og genusfeltet. Det eine er det merkelege ordet «homofil» som har overlevt lenger i norsk enn i andre språk eg kjenner til. «Homofil» begynte i USA som evfemisme for «homoseksuell» i eit tid der homoseksuelle menneske hadde eit stort behov for å framstå som respektable, og da ville ein overtyde omverda om at det heile handla om venskap og godhug og den slags, og ikkje kjøtleg lyst. Ingen hugsar dette lenger, men når ordet har kome opp hit til fjordane for å døy, da synest eg me godt kan bidra med aktiv dødshjelp, og heller bruke «homoseksuell».
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Muna Jibril og Hanne Linn Skogvang skriv i Klassekampen måndagar.