Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lag på lag: Odd W. Suréns forteljingar er ein leik med det fabulerande og det sjølvbiografiske.

I spegelrommet

SPEGLING: Wilhelm Bendz har måla sin kollega Ditlev Blunck som undersøkjer eiga kunst i ein spegel. ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA

Fantasirik og fabulerande prosa kan gjerne oppfattast som ein motpol til den sjølvbiografiske litteraturen. Hovudpersonen i forteljingane i «Høvlingsmonn», er forfattaren Odd, frå fyrste side identifisert som den som skriv. På eitt nivå handlar det om hans liv og oppvekst, men her finn ein snart ut at sjølve opplegget ikkje er like rett fram enkelt.